God jul og godt nytt år

2018 har vore eit fantastisk år for Sogn Dyreklinikk! Pasientane har strøymt på – og i lag med dei, ei rekkje hyggelege dyreeigarar. Vi er så takksame for at de har trua på denne nye klinikken – vi gler oss til kvar einaste dag på jobb. Utfordringane kjem som perler på ei snor – og vårt ynske for 2019 er at dette perlekjede berre skal veksa seg større og vakrare.

Vi ynskjer dykk alle ei retteleg god jul og eit godt nytt år!  

Ingjerd Leirstein Bøkenes