Ny vikar - veterinær Marianne Tønseth

Frå og med onsdag 7. august kjem veterinær Marianne Tønseth til å være fast vikar kvar onsdag på Sogn Dyreklinikk i lang tid framover. Marianne er ei av mine beste venninner og ei særdeles dyktig kollega. Vi har kjent kvarandre heilt sidan studietida i Storbritannia, og opp gjennom åra har vi vore på eit utal kurs og seminar saman. Blant anna har vi begge teke den 4-årige etterutdanninga GPC i smådyrmedisin og -kirurgi.

Til dagleg driv Marianne Sandane Dyreklinikk, og ho tek òg del i det lokale, veterinære vaktsamarbeidet. Ho har spesialisert seg innan kirurgi, akuttmedisin, dermatologi og åtferdsproblem. Marianne er også utdanna hundeinstruktør, og på fritida trenar og konkurrerer ho i NBFs bruksprogram med Malinoisen sin, Kamp.

Vi gler oss til å få Marianne med på laget!