Månadens pasient - mars 2019 - Felix

Gjennomsnittleg levealder for ein norsk huskatt er 13-15 år, men nokre kattar vert nærare 20 år gamle. Her om dagen fekk vi besøk av ein nydeleg, svart  seniorkatt på nesten 16 år. Felix er ein kastrert hannkatt, som stort sett har vore frisk og rask heile livet. No var eigaren hans bekymra for at Felix kanskje hadde utvikla nyresvikt. Han hadde gått kraftig ned i vekt - til trass for at appetitten hans framleis var den same.  Vi gjorde ein grundig klinisk undersøking av Felix. Han var heilt klart særs tynn og pulsen hans var veldig høg. Utover dette fann vi ikkje noko unormalt med han. Felix oppførde seg heilt eksemplarisk på klinikken, og vi fekk lov å ta både blodprøve og urinprøve av han utan bedøving. Urinprøva var heilt normal. Blodprøva friskmelde heldigvis nyrene hans, men ei verdi var veldig høg - skjoldbruskkjertelhormonet tyroksin, ofte berre kalla T4. Dette hormonet styrar stoffskiftet. Eit høgt nivå av T4 påverkar mange kroppsfunksjonar og organ. Alt går på høggir! Difor kan ein ofte sjå at pasienten har vekttap til trass for uforandra eller auka appetitt. Det er heller ikkje uvanleg å sjå auka tyrst og urinering, dårlegare pelskvalitet og endra åtferd (rastløyse og auka aktivitetsnivå). Overproduksjon av T4 kallast HYPERTYREOSE, og skuldast som oftast ein godarta svulst i skjoldbruskkjertelen (tyroidea). I berre 1-2 % av tilfella er det snakk om ein vondarta svulst.

Det finnast fleire måtar ein kan behandle hypertyreose hjå katt. Til dømes kan ein nytte eit spesielt veterinærfór med eit veldig lågt innhald av jod. Sidan jod er ein av bestanddelane i T4, vil eit redusert inntak av jod føre til at kroppen ikkje greier å produsere så store mengder av dette hormonet. Denne behandlingsmetoden krev at katten ikkje et noko anna enn spesialfóret. Å fjerne delar at skjoldbruskkjertelen med eit kirurgisk inngrep er også ein moglegheit. Ein ny svulst i den gjenværande skjoldbruskkjertelen kan oppstå, og det er òg ein risiko for at T4-nivået vert for lågt etter operasjonen. Andre komplikasjonar som lågt kalsiumnivå i blodet og nerveskade er heller ikkje heilt uvanleg. Moderne behandlingsmetodar som stråleterapi og bruk av radioaktivt jod er det berre nokre få dyresjukehus i Norden som tilbyr. Kostnaden med desse behandlingane er forholdsvis høg, men fordelen er at ein behandling ofte er nok til å gjere pasienten heilt frisk.

I Felix sitt tilfelle har vi valt å behandle sjukdomen medisinsk - det vil seie at eigaren må gje katten ein tablett ein gong for dagen livet ut. Medisinen hemmar produksjonen av T4 og har få biverknader. Om nokre veker håpar vi å sjå at stoffskiftet til Felix har normalisert seg. Det beste teiknet på det vil være at han kjem opp i matchvekta si igjen!