Dei tilsette på klinikken
-

Ingjerd Leirstein Bøkenes
Dagleg leiar og veterinær
Ingjerd vart utdanna veterinær ved universitetet i Liverpool i 1993, og har over 30 års erfaring i yrket. Etter mange år i blanda praksis i Lærdal veterinærdistrikt, valde ho i 2017 å satse fullt og heilt på smådyrmedisin, og starta Sogn Dyreklinikk.
Ho har eit sterkt fagleg engasjement, og har gjennom åra teke omfattande etterutdanning – særleg innan blautvevskirurgi og avansert tannbehandling. No har ho starta opp med ei etterutdanning innan anestesi og smertelindring på hund og katt. Ingjerd er oppteken av å tilby behandling med høg kvalitet, der både fagleg presisjon og omsorg for dyret står i sentrum.
Gjennom eigen livserfaring har ho også fått eit særleg engasjement for oppfølging av alvorleg sjuke pasientar, inkludert kreftpasientar. For Ingjerd handlar veterinærmedisin ikkje berre om diagnosar og behandling, men om å sjå både dyret og eigaren i ein større samanheng.
Ingjerd bur i Lærdal og er mor til fire barn. Heime har ho to kattar og ein liten flokk høner i hagen. Når ho ikkje er på klinikken, finn du henne gjerne ute i hagen, eller med nasen i ei god bok.
-

Eli Bolstad Skjær
Veterinær
Eli har vore tilsett ved Sogn Dyreklinikk sidan hausten 2021. Ho var ferdigutdanna veterinær ved NMBU Veterinærhøgskolen i Oslo i 2018. Eli er også utdanna sjukepleiar, og når ho ikkje er å finne hjå oss på klinikken, så arbeider ho ved Lærdal sjukehus. Eli er særleg interessert i indremedisin, og er oppteken av å halde seg fagleg oppdatert gjennom ulike kurs og oppdatert faglitteratur.
Eli bur med mann og to barn på gard i Lærdal, der dei har hestar, hund og kattar. Ho har dermed nok å henge fingrene i på fritida også.
-

Hannah Ødven Andersen
Veterinær
Hannah vart uteksaminert frå NMBU i desember 2025. Under studiet jobba ho ved NMBU Dyresjukehuset smådyr i fem år, og det siste året også som veterinær med midlertidig lisens.Ho har stor interesse for faget og brenn særleg for akuttmedisin. Hannah likar godt situasjonar der det går litt fort, og er oppteken av å gi trygg og god oppfølging til både dyr og eigar. Ho er ivrig etter å lære meir, og ser fram til mange kurs og vidare utvikling framover. Ved sidan av arbeidet på Sogn Dyreklinikk møter du henne også i veterinærvakta i Lærdal, der ho jobbar med både produksjonsdyr og hest. Hannah er oppvaksen i Florø og har flytta tilbake til Vestlandet for å vere nærare naturen. På fritida trivst ho best ute, gjerne på fjellski eller rando. På sikt ynskjer ho seg også eigen hund. Ho brenn for alle dyr, og ynskjer å møte både pasientar og eigarar med fagleg tryggleik og omsorg.
-

Lisa Marie Hjellhaug
Klinikkassistent
Lisa Marie har jobba som klinikkassistent sidan oppstart av Sogn Dyreklinikk i 2017. I 2020 tok ho også utdanningen «Dyrlegeassistent» gjennom Fagsenteret.Ho har teke fleire ulike kurs innan blant anna anestesi, odontologi og rehabilitering. Vidare så ynskjer ho og utvikle seg meir innan rehabilitering på hund. På klinikken assisterer ho veterinærane ved blodprøvetaking, anestesi, labarbeid, betener resepsjonen og hjelper eigarar med å velje riktige produkt som selar, fôr og pleiemidlar til dyra deira.
På fritida likar ho å trene, og har hunden Billie på 8 år, og katten Jan Thomas på 17 år.
-

Ann-Margit Albertsen Skaar
Klinikkassistent
Ann-Margit har jobba som klinikkassistent ved Sogn Dyreklinikk sidan mars 2021. Ho har gjennomført fleire kurs, mellom anna innan ernæring og sårstell, og ynskjer å fordjupe seg vidare, særleg i sårbehandling, anestesi og katteatferd.
På klinikken assisterer ho veterinærane med blodprøvetaking, anestesi og laboratoriearbeid. Ho betener òg resepsjonen og rettleier dyreeigarar i val av produkt som selar, fôr og pleiemidlar til dyra deira.
Heime har ho to kattar, syskena Borr og Tirill (fødde i 2017), som ho brukar mykje tid på. Elles driv ho med måling, særleg dyreportrett, og interesserar seg for fotografering.
Ho tek i tillegg ein bachelor i HR, ledelse og organisasjon, og arbeider nokre helger på alderssjukeheim. Ho er engasjert i dyrevelferd og dyr sine rettar, og er med i Dyrevernlaget Indre Sogn.