Fryktfri handtering

For mange hundar kan stell og handtering opplevast som stressande – både heime og hjå veterinær.  Difor er vi på Sogn Dyreklinikk opptekne av å jobbe på dyret sine premissar – med fokus på ro, tillit og samarbeid.

Husbandry og fryktfri handtering handlar om å lære hunden å vere trygg i situasjonar som undersøking, behandling og stell. Målet er ikkje berre betre veterinærbesøk, men ein enklare og meir harmonisk kvardag for både dyr og eigar.

En hund med blå øyne og brune og hvite pelsfargede merker, ligger i røntgenmaskinen.

Når hunden opplever meistring og tryggleik i kvardagslege situasjonar som:

  • Kloklipp

  • Pelsstell

  • Øyrerens

  • Tannpuss

vert desse aktivitetane mindre stressande – og ofte heilt uproblematiske.

En hund som står på et bord, forsiktig berørt av en persons hånd.

Dei fleste hundar er berre innom veterinæren av og til, medan heime skjer handtering kvar einaste dag. Difor er det nettopp i kvardagen grunnlaget vert lagt.

Gjennom enkle, målretta øvingar – som til dømes «chin rest» og anna samarbeidstrening – kan du lære hunden å delta frivillig i stell og undersøkingar. Dette gjev betre dyrevelferd, mindre stress og ei betre oppleving for begge partar.

Når hunden er førebudd gjennom trening heime, får vi også langt betre føresetnader for å gjennomføre undersøkingar og behandling på ein roleg og skånsam måte på klinikken. Utan slik førebuing vil vi i mange tilfelle måtte prioritere effektive og nødvendige løysingar (som til dømes sedasjon), sjølv om vi alltid ynskjer å arbeide så skånsamt som mogleg.

Vi har ved fleire høve hatt gleda av å ha Jonas Riise Johansen som kurshaldar hos oss – kurs som har vore svært populære blant deltakarane.

Kursa tek for seg praktiske, kvardagslege øvingar som legg grunnlaget for trygg handtering – både heime og hjå veterinær.

Du kan lese meir om husbandry her.

En hund snuser i en håndkled som er på en persons ben.

Vi planlegg å arrangere fleire kurs framover, og ynskjer å byggje opp eit tilbod for deg som vil gi hunden din dei beste føresetnadene for gode opplevingar.

Ta gjerne kontakt med oss dersom du ynskjer informasjon om kommande kurs, eller vil melde di interesse.

Dette er ei investering i betre dyrevelferd – og i ein tryggare kvardag for både deg og hunden din💛.