Tinging av resept
Vi ynskjer å gjere det enkelt og trygt for deg å få tilgang til naudsynte medisinar for dyret ditt.
For allereie registrerte kundar kan du her tinge resept på faste medisinar.
For at vi skal kunne skrive ut resept utan konsultasjon, må desse vilkåra vere oppfylte:
Dyret er registrert som pasient hjå oss.
Dyret må ha hatt helsesjekk hos oss dei siste 12 månadene. Helsesjekk blir til dømes gjort ved vaksinar og vanlege konsultasjonar, og dyret må ha vore friskt ved siste kontroll.
Det ligg ikkje føre pågåande sjukdom eller ny medisinbruk.
Ved bestilling av medisin knytt til sjukdom:
Dyret er under behandling og oppfølging hjå oss, behandlingsplan og kontrollar er følgde, og tilstanden er stabil.
Dersom desse kriteria ikkje er oppfylte, må du ta kontakt med klinikken for vidare vurdering.
Fyll ut skjemaet for å tinge resept.
Når bestillinga er ferdig handsama, får registrert eigar ei stadfesting på e-post. Rekn med 1–2 vyrkedagar. Det kjem eit resepthonorar på 200 kr, og vi sender Vipps-krav direkte til deg. Når betalinga er registrert, er medisinen klar til henting på apoteket.