Tinging av time
Hjå oss tingar du time på førehand. Det gjev ro rundt besøket og gjer at vi kan setje av god tid til kvar pasient.
For tinging av time kan du kontakte oss på e-post, telefon eller du kan fylle ut skjema under, så vil vi ta kontakt med deg
E-post: sogndyreklinikk@gmail.com
Telefon: 57 11 20 40
For å tinge time, ring oss gjerne i telefontida vår på kvardagar mellom kl. 08.10 og 10.00
Dersom det hastar, kan du også ringje oss utanom telefontida, men innafor opningstida vår. Vi kan då vere opptekne med pasientar, men vi prøver alltid å ringje tilbake til ubesvarte anrop. Får du ikkje kontakt med oss, send oss ein e-post.
Praktisk informasjon
Vi opplever at e-postsvar frå oss av og til kan hamne i søppelposten. Hugs difor å sjekke denne dersom du ventar på svar.
Avbestilling av time må gjerast seinast 24 timar før avtalt tidspunkt. Dette gjev oss moglegheit til å tilby timen til andre pasientar som har behov for hjelp.
Ved avbestilling på kortare varsel, eller ved manglande oppmøte, vil det bli fakturert eit gebyr.
Fyll ut skjemaet for å tinging av time.
Når bestillinga er behandla, får registrert eigar ei stadfesting på e-post.