Månadens pasient - november 2025
Borr vart funnen i ein silo i Sogndal som liten kattunge – og vart adoptert saman med systera si,
Tiril. Begge to bur no hos ein av klinikkassistentane våre – og lever det aller beste kattelivet.
Då Borr nyleg plutseleg byrja å leggje att smular i matskåla og miste litt matlyst, var ikkje eigaren
sein med å tinge time til undersøking hjå oss. Ved vanleg inspeksjon av munnhola såg vi
ingenting dramatisk – kun litt irritasjon i tannkjøtet ved to tenner. Men då vi tok tannrøntgen, viste
det seg at begge desse tennene hadde tannresorpsjon (TR, også kjend som FORL – feline
odontoclastic resorptive lesions) – ein smertefull tannsjukdom hos katt, der kroppen sjølv bryt ned
tanna. Årsaka er ikkje heilt kjend, men både immunreaksjonar, genetikk og betennelse kan spele
inn. Dette er faktisk ein av dei vanlegaste tannsjukdomane hjå katt; rundt ein tredel av alle kattar
får TR i løpet av livet.
To av tennene til Borr måtte fjernast, og sidan har han vore sitt gamle, fornøgde eg att – matglad
og smulefri.
Vi tilrår årleg helsesjekk av alle kattar – gjerne kombinert med vaksinering. Om vi ser teikn til
irritasjon i tannkjøtet, tilrår vi ein ny time med tannrøntgen. Det er ofte den einaste måten å
oppdage tannresorpsjon tidleg – før katten får vondt. Borr kjem no inn til tannrøntgen kvar sjette
månad, slik at vi kan følgje med og fange opp eventuelle nye forandringar i god tid.
Takk til Borr og matmor for å minne oss på kor viktig det er å ta endringar i kattens åtferd på alvor
– og for å vise kor viktig det er med jamlege tannsjekkar.