Månadens pasient - august 2019 - Banjo

Katten Banjo har fått mykje merksemd i media den siste tida. Sjølv om historia hans er trist lesnad, så er det likevel viktig å setje søkjelyset på den ukulturen som ligg bak dyremishandlinga Banjo vart utset for.

Einkvan har truleg sett seg lei på den eigarlause hannkatten, som i fleire år har vandra kvilelaust rundt i Bremanger på leit etter mat og husly. I staden for å kontakte veterinær eller ein lokal dyrevernsorganisasjon, har denne personen i staden gripe til rifla og skote den stakkars katten. Men Banjo døydde ikkje. Han vart derimot alvorleg skadeskoten i det høgre olbogeleddet - den ekspanderande blyammunisjonen pulveriserte heile leddet. Kva for lidingar dette har vore for katten tore eg mest ikkje tenkje på. Å utsetje eit levande vesen for slikt er rett og slett bestialsk! På utruleg vis - og heilt sikkert eitt liv fattigare - kom Banjo seg til hektene att. Men høgrefoten hadde vorte heilt ubrukeleg. Han halta rundt på tre føter. Og kampen for tilvære hadde om mogleg vorte enda vanskelegare enn før.

Ein vårdag i mai var det endeleg ei medynksam sjel som greip inn og kontakta Dyrebeskyttelsen.  Banjo vart raskt fanga og plassert i ein god fosterheim. Der fekk han for fyrste gong oppleve at menneske også kan være snille. Med god mat og mykje omsorg har han etter kvart vorte litt mindre redd og litt mindre skeptisk. Men for å gjere han smertefri, var det klart at den øydelagde foten måtte fjernast. Vi på Sogn Dyreklinikk utførte amputasjonen førre veke, og alt har gått særs bra etter operasjonen. Som dei fleste andre kattar, likar ikkje Banjo å være reiva i tjukke bandasjar. Men snart skal vi fjerne stinga i huda, og då skal han heldigvis sleppe å få på seg «tvangstrøya» att.

Banjo er ein fantastisk flott katt, og eg er heilt viss på at han med tida kjem til å verte ein super huskatt for ein veldig heldig katteeigar. I mellomtida vonar eg at politiet greier å spore opp den vettlause skyttaren, og at straffa vert av ein slik karakter at den har preventiv verknad for andre kattehatarar.