Ny vikar - veterinærstudent Elise Berg Hustveit

Frå og med måndag 5. august og tre veker framover,   kjem veterinærstudent Elise Berg Hustveit til å utføre dei fleste rutineoppdraga på Sogn Dyreklinikk.

Elise er oppvaksen i Sogndal, og skal no i gong med sitt 6. og siste år på veterinærstudiet i Brno i Tsjekkia. Ho har valt å fordjupe seg innan disiplinane smådyr, klinisk patologi og eksotiske dyr. Spennande!

Heilt sidan Sogn Dyreklinikk starta opp i 2017, har Elise kome jamt og trutt og hatt praksisperiodar hjå oss. Vi merka oss med ein gong at dette var ei særs kunnskapsrik jente som verkeleg glør for faget! Då vi no innsåg at vi trengde ekstrahjelp på klinikken, var vi ikkje seine med å spørje Elise om ho var interessert. Lukka var stor då ho svara JA!