Månadens pasient - november 2018 - Tikka

Tikka er ei særs tolmodig og snill engelsk setter tispe på dryge 9,5 år. Ho har vore frisk og rask mest heile livet, men for nokre veker sidan betemde eigarane at det var på tide med ein helsesjekk hjå veterinæren. Tikka var ikkje heilt seg sjølv. Ho hadde tapt seg litt i vekt, byrja å drikke meir vatn enn vanleg og hadde til og med tissa inne nokre gonger - heilt ulikt ho. På Sogn Dyreklinikk fekk ho ei grundig klinisk undersøking. Vi tok blodprøver og undersøkte urinen hennar. Det viste seg fort at noko var riv ruskande gale. Både blodsukkeret og langtidsblodsukkeret (fruktosamin) var skyhøgt, og vi fann òg masse sukker i urinen. I tillegg vaks det frem bakteriar då urinen vart sett til dyrking. Alt dette er typiske teikn på sukkersjuke, eller diabetes mellitus som det heiter på fagspråket.

For å kunne gje Tikka god livskvalitet, var det heilt naudsynt å starte opp med insulinbehandling og diettfór tilpassa sukkersjukepasientar. For blærekatarren måtte ho ha ein kur med antibiotika. Sjølv om eigarane ikkje hadde noko tidlegare røynsle med å handtere sprøyter, var dei særs dedikerte og lærte seg fort teknikken med insulinpennen. Ein gong dagleg fekk Tikka insulin rett under huda. vi brukte nokre veker på å korrigere dosen hennar, men så vart blodsukkeret endeleg stabilt. Og med det forsvann alle dei trasige symptoma også.

No håpar vi at Tikka skal få ein lang og god alderdom, med mange fjellturar og hyggelege stunder med familien sin.

Ingjerd Leirstein Bøkenes