Månadens pasient - oktober 2018 - Lumi

Sogn Dyreklinikk har starta eit nytt prosjekt som vi har kalla “Månadens pasient”. Kvar månad vel vi ut ein pasient, som på ein eller annan måte har gjort særskilt inntrykk på oss, og skriv litt om behandlinga til denne pasienten.

Fyrst ut er den vakre og snille finske lapphunden Lumi. Han er snart 1,5 år gamal, og har heilt sidan kvelpestadiet vore plaga med mage/tarmproblem. Etter ei lengre utreiing, der vi i tur og orden har kunne utelukke eit utal diagnosar, har vi konkludert med at Lumi har irritabel tarm - også kalla IBD. Med rett fór og med betennelsesdempande medisinar, har Lumi vorte veldig bra. Men det beste hadde sjølvsagt vore å kunne kurere tarmproblemet hans. Vi foreslo ei ny behandlingsform som kallast avføringsterapi, der vi tek avføring frå ein frisk hund og overfører dette til pasienten sin tarm - i håp om at dette skal gjenopprette normal tarmflora. Lumi sine eigarar syntest dette høyrdes spennande ut, og gjekk med på ei slik behandling.

No kryssar vi alt vi har av fingrar og tær for at behandlinga er vellukka - det unner vi verkeleg denne kjekke pasienten!

Ingjerd Leirstein Bøkenes