Sukkersjuke hjå hund

Sukkersjuke, eller diabetes mellitus, er ein sjukdom der pasienten har forhøgd mengd av sukker (glukose) i blodet og i urinen, samstundes som cellene i kroppen ikkje får den energien dei treng. Normalt regulerast blodsukkernivået hovudsakleg av insulin, som produserast i bukspyttkjertelen. Hundar med sukkersjuke har vanlegvis diabetes type 1 – det vil seie at dei av ein eller annan grunn har svekka insulinproduksjon.

Sjukdommen er relativt vanleg og rammar oftast middelaldrande og eldre hundar. Det er noko høgare risiko for at tisper får sjukdommen enn hannhundar, og vi ser at overvektige hundar har større risiko for å utvikle diabetes enn slanke hundar. Det er mange utløysande faktorar bak diabetes, mellom anna infeksjonar, sjukdommar i immunforsvaret, biverknader av medisinar og arvelege årsaker.

Vanlege symptom på sukkersjuke er:

·      auka drikkelyst (polydipsi)

·      auka urinering (polyuri)

·      auka appetitt (polyfagi)

·      vektnedgang

·      nedstemdheit

·      oppkast

·      dårleg syn som følgje av grå stær/katarakt

Ketoacidose er ein alvorleg og potensielt dødeleg komplikasjon av diabetes, som krev at hunden får augeblikkeleg veterinærmedisinsk behandling. Typisk for denne tilstanden er at pasienten har kraftig nedsett allmenntilstand, med høgt blodsukker, kvalme, oppkast, magesmerter og hurtig andedrett.

Vi stiller diagnosen sukkersjuke ut frå dei kliniske symptoma hunden syner, blodprøveanalyse og måling av sukker i urinen. Urinen sett vi og til dyrking, då mange med diabetes har sekundære urinvegsinfeksjonar. For å skilje mellom kortvarig auke i blodsukkernivået og den auken ein ser hjå diabetespasientar, måler vi også mengda fruktosamin (langtidsblodsukker) i blodet.

Når det gjeld behandlinga av diabetes, er det særs viktig med regelmessige rutinar – både med fóring, medisinering og mosjon. Målet med den medisinske behandlinga er å minske blodsukkersvingingane, dempe symptoma og betre hundens livskvalitet. Oftast må pasienten ha tilførsel av insulin ein eller to gonger om dagen. Dette gjerast enkelt med ein såkalla insulinpenn. Sjølv dei som er ukomfortable med å bruke sprøyter synast at desse insulinpennane er lette å handtere. Og hundane reagerer knapt på å verte stukne – nålene som nyttast er tynne som hårstrå. Insulindosa må tilpassast kvar einskild pasient, og det kan ta fleire veker før dei er stabiliserte. Sjukdommen krev regelmessig oppfølging og god kommunikasjon mellom eigar og veterinær, men dei aller fleste hundar med sukkersjuke lever tilnærma normale liv med god livskvalitet.  

Ingjerd Leirstein Bøkenes