Månadens pasientar - januar 2019 - Babsy & Smoky

Kanin er det tredje mest populære kjæledyret etter hund og katt. På Sogn Dyreklinikk får vi stadig inn fleire og fleire kaninpasientar, og det tykkjer vi er spennande. Mange vil kan hende påstå at kaninar er «keisame» dyr – eit ufortent omdømme som har oppstått fordi kaninar ofte vert plasserte åleine i små og tronge bur, og difor lever veldig passive liv. Om kaninane berre hadde fått selskap av artsfrendar og plass og friheit til å syne kva som bur i desse fasinerande skapningane, så ville truleg fleire få auga opp for kor leikne, humoristiske, kjælne, sosiale og glade kaninar kan være.

Nyleg hadde vi besøk av to fornøyelege kaninveninner – Babsy og Smoky. Dei lever saman innadørs, og har mykje plass til leik og krumspring. Men likevel opplevde eigaren deira at forholdet mellom kaninane ikkje alltid var like harmonisk. Begge to lét til å være litt frustrerte – urinmarkering og aggressiv paringsåtferd hadde vorte eit fast innslag i  kvardagen. Noko som ikkje er uvanleg blant usteriliserte hokaninar. Eigaren til Babsy og Smoky hadde bestemt seg for at det no var naudsynt å gjere noko med problemet, og i tur og orden vart begge kaninane steriliserte – eller kastrerte, som det eigentleg heiter, når ein fjernar eggstokkane og heile livmora. Tidlegare vart dette inngrepet sett på som særs risikofylt. Men med gassanestesi, moderne overvakingsutstyr og oppdatert kunnskap om postoperativ pleie av kaninar, vert det sjeldan alvorlege komplikasjonar.

Å kastrere hokaninar er ikkje noko vi berre anbefaler for å hindre uønska graviditet og for at kaninane skal leve meir harmonisk saman. Over 80% av alle ukastrerte hokaninar vil før eller sidan utvikle livmorkreft, og for dei fleste startar endringane allereie i treårsalderen. Ei hokanin kan kastrerast frå ho er 4-6 månader gamal.

Det kan ta opp til 6 veker før all hormonrelatert åtferd er borte etter kastrering. No ventar vi berre i spenning på å høyre om Babsy og Smoky har fått eit meir veltilpassa sosialt liv saman.

Om du ynskjer å lese meir om det å halde kaninar som kjæledyr, så kan vi varmt anbefale boka «Den store kaninboka» av Marit Emilie Buseth (ISBN: 978-82-529-3311-6) – ei strålande flott bok!