Overvekt hjå hund og katt

Overvekt og feitleik er eit stort problem for hundar og kattar i den vestlege verda. Truleg er halvparten av desse kjæledyra overvektige.  Akkurat som hjå oss menneske, kan overvekt gje opphav til livsstilsjukdomar og forkorte dyret si levetid. Auka risiko for sukkersjuke, hudsjukdomar, svekka immunforsvar, leddsmerter og auka belasting på indre organ og skjelettet er berre nokre av dei plagene dei kan få. Det vert ofte ei vond sirkel, då redusert evne til rørsle fører til eit minska energibehov - og difor aukar overvekta…

Der er nokre stoffskiftesjukdomar som kan resultere i overvekt, men stort sett er det for mykje mat og for lite mosjon som er årsak til at dyra vert for feite. Ikkje alle er klar over at kastrerte dyr har om lag eit 20% mindre energibehov. Alle forhold som påverkar aktivitetsnivået (til dømes høg alder eller leddsmerter), aukar òg risikoen for overvekt.

Vi på Sogn Dyreklinikk kan avgjere om det er ei sjukdomsrelatert årsak til overvekta. Vi kan også gje råd om kor mange kilo katten eller hunden bør ta av, korleis dette kan gjerast og kor lang tid det vil ta. Vektreduksjon vert enklare om ein nyttar slankefór av høg kvalitet. Eit slikt fór inneheld mykje fiber som gjev ei god kjensle av mette, og samstundes held det blodsukkeret på eit jamt nivå heile dagen. Det er viktig å være nøye med storleiken på porsjonane. Ein bør òg kutte ned på godbitar og mellommåltid.

Det er ikkje til å stikke under ein stol at det å slanke eit kjæledyr er ei stor tolmodsprøve. Men den positive verknaden på helsa og den auka livskvaliteten dyret får, er verkeleg løn for strevet!