Kreftbehandling

Mange hundar og kattar utviklar desverre svulstar eller systemiske kreftsjukdomar i løpet av levetida. Kreftsjukdomane er ofte av same type som vi kjenner hjå oss mennesker. Som hjå oss, er det slik at dei fleste kulane eller svulstane ein oppdagar i huda er godarta. Dette kan vi fastslå med ein vevsprøve, og ofte treng ein heller ikkje behandle svulsten.

Dei fleste svulstane er relativt enkle å fjerne kirurgisk, og dette kan gjerast hjå oss. 

Ved nokre kreftsjukdomar må ein velje anna behandling. Hundar og kattar kan behandlast med cellegift for å halde sjukdomen i sjakk. Cellegiftbehandlinga har som mål på å oppretthalde livskvaliteten til dyret, medan ein forsøker å slå kreftsjukdomen tilbake. Ofte kan levetida med god kvalitet bli forlenga, men dessverre vil cellegift berre i få tilfeller kurere dyret heilt for sjukdomen.

Vi i Sogn Dyreklinikk er opptekne av at dyret ikkje skal lide unødig, uavhengig av kva behandling vi vel.

Gasta Design