Tannhelse hos kjæledyr
God tannhelse er viktig for både trivsel og generell helse hos kjæledyr. Mange hundar og kattar utviklar tannproblem i løpet av livet, ofte utan tydelege symptom.
Plakk og tannstein kan føre til betennelse i tannkjøtet, dårleg ånde og smerter. Dersom dette ikkje blir behandla, kan det i verste fall påverke andre organ i kroppen. Dyr er flinke til å skjule ubehag, og difor kan tannproblem vere vanskelege å oppdage heime. Teikn kan vere dårleg ånde, redusert matlyst eller at dyret tygg annleis enn før.
Jamlege tannkontrollar hos veterinær er viktig for å oppdage og førebyggje problem. God tannpleie kan gi dyret ditt betre livskvalitet og førebyggje sjukdom.