Livsavslutning

Å ta avskjed med eit kjæledyr er noko av det tyngste ein dyreeigar opplever. Når tida er inne, ynskjer vi å vere ei trygg og roleg støtte – både for deg og din firbeinte ven.

Ei verdig avslutning

Vi hjelper deg med ei fagleg vurdering av dyret si helse og livskvalitet, slik at avgjerda kan kjennast riktig. For oss er det viktig at inga dyr skal lide unødig, og at avslutninga skjer på ein verdig og skånsam måte.

Vi set alltid av god tid, og legg til rette for rolege omgjevnader. Ofte gjennomfører vi livsavslutningar på slutten av dagen, slik at det er minst mogleg uro rundt dykk.

Sjølve prosessen føregår i fleire steg for å sikre at dyret ikkje opplever smerte eller ubehag: Først får dyret ein beroligande sprøyte som gjer det avslappa og søvnig. Når dyret søv godt, legg vi inn eit venekateter i ei blodåre på framfoten. Deretter gir vi eit narkosemiddel som fører til djup søvn, før vi til slutt gir ein overdose av eit potent narkosemiddel som gjer at hjartet stoppar.

Dyret merkar ikkje noko til dette – det sovnar stille og fredeleg inn. Det er ingen smerte eller dødskamp. Vi lyttar alltid på hjartet til slutt og stadfestar at livet er avslutta.

Etterpå gir vi dykk den tida de treng, og vi hjelper gjerne med vidare val rundt handtering av dyret. Vi samarbeider med kremasjonsfirmaet Kremo (www.kremo.no), som sørgjer for trygg og verdig kremasjon. Du kan velje mellom felles kremasjon eller separat kremasjon, der du får asken tilbake – til dømes i ei urne eller eit smykke. Det er også mogleg å ta med dyret heim for gravlegging dersom du ynskjer det.

Forrige
Forrige

Bloddonasjon