Bloddonasjon

Nokre gongar treng dyr blodoverføring for å overleve

– til dømes ved alvorleg skade, operasjon eller sjukdom. Då er vi heilt avhengige av friske dyr som kan stille som blodgjevarar.

Ved Sogn Dyreklinikk ynskjer vi no å utvide blodgjevar-ordninga vår for både hund og katt, og vi håpar fleire vil vere med å bidra.

Kven kan bli blodgjevar?

Vi gjer alltid ei individuell vurdering, men generelt ser vi etter dyr som:

  • Er friske og i god allmenntilstand

  • Er mellom 1 og 8 år (helst start ved 1–4 års alder)

  • Har eit roleg og trygt lynne

  • Ikkje har fått blodoverføring tidlegare

  • Veg minimum 23kg (hundar)

  • Veg minimum 5kg (kattar)

Kva inneber det å vere blodgjevar?

Før eit dyr kan bli godkjent som blodgjevar, gjennomfører vi ei grundig undersøking:

  • Klinisk undersøking hos veterinær

  • Blodprøver (blodtyping, hematologi og biokjemi)

  • Screening for relevante infeksjonssjukdommar

  • Vurdering av temperament og trivnad i klinikkmiljø

For oss er det heilt avgjerande at blodgjevaren trivst og opplever situasjonen som trygg.

Kva får du og dyret ditt igjen?

Som blodgjevar hos oss får dyret:

  • Gratis helsesjekk med blodprøver og blodtyping ved oppstart

  • Gratis årleg helsekontroll med vaksinering

  • Ein valfri gratis fórsekk ved kvar bloddonasjon

Men det viktigaste av alt: Dyret ditt kan vere med på å redde livet til eit anna dyr. Blodgjevarar er livreddande heltar 💛.

Vil du melde di interesse?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du trur dyret ditt kan vere ein aktuell kandidat – vi set stor pris på alle som ynskjer å bidra!

Forrige
Forrige

Avføringsterapi

Neste
Neste

Livsavslutning