Avføringsterapi

Avføringsterapi (faecal microbiota transplantation) er ein behandlingsmetode der ein overfører tarmbakteriar frå eit friskt dyr til ein pasient med kronisk mage-/tarmproblem.

Ved mange kroniske tarmlidingar, som til dømes irritabel tarm (IBD), er tarmfloraen i ubalanse. Ved å tilføre eit nytt og velfungerande bakteriemiljø, kan ein bidra til å gjenopprette normal funksjon i tarmen.

Metoden er godt etablert innan humanmedisinen, og blir i aukande grad også nytta innan veterinærmedisinen. Studiar viser at mange hundar med kronisk diaré kan ha god effekt av behandlinga.

Ved Sogn Dyreklinikk har vi teke i bruk avføringsterapi etter etterutdanning innan feltet. Vi nyttar berre nøye utvalde, friske donorhundar.

Behandlinga føregår slik:

·               Pasienten får ei roande sprøyte

·               Donormateriale blir klargjort og filtrert

·               Avføringsvæska blir ført skånsamt inn i tjukktarmen via ein sonde

Sjølve behandlinga tek om lag 15 minutt. Etterpå får pasienten kvile før oppvakning.

Behandlinga er skånsam og blir godt tolerert. For mange pasientar med langvarige plager kan dette vere eit nytt og nyttig behandlingsalternativ.

Vi gjer alltid ei grundig vurdering før vi tilrår avføringsterapi, og følgjer opp pasientane tett i etterkant. Sjølv om ikkje alle vert friske, har vi så langt sett lovande resultat.

Ta gjerne kontakt med oss dersom du ynskjer meir informasjon om denne behandlingsforma.

Forrige
Forrige

Rehablitetering

Neste
Neste

Bloddonasjon