Rehabilitering
Ved Sogn Dyreklinikk tilbyr vi rehabilitering og opptrening av hund i samarbeid med Smidig Hund ved Linn Solsvik. Målet er å gi hundar best mogleg funksjon og livskvalitet – etter skade, operasjon eller ved kroniske plager.
Vi nyttar vanntredemølle som eit sentralt verkty i rehabiliteringa. Vatnet reduserer belastinga på ledd og rygg, samstundes som det gir effektiv muskeltrening. Dette gjer metoden både skånsam og svært målretta.
Rehabilitering kan vere aktuelt for:
Hundar etter operasjon (t.d. korsband)
Hundar med artrose eller andre leddlidingar
Skadar i musklar og sener
Nevrologiske utfordringar
Overvektige hundar
Eldre hundar med redusert mobilitet
Kvar hund får eit tilpassa opplegg, der vi justerer belasting og progresjon etter behov. Målet er trygg opptrening, betre funksjon og auka livskvalitet.
Rehabiliteringa blir utført av Linn Solsvik (Smidig Hund), utdanna rehabiliteringsterapeut.
Ved klinikken har vi også klinikkassistent Lisa, som har brei etterutdanning innan rehabilitering av hund og bidreg i oppfølginga.
Det er verdt å merke seg at mange forsikringsselskap dekkjer rehabilitering.