Kreftbehandling

Utgreiing og behandling av svulstar hos dyr

Mange hundar og kattar utviklar diverre svulstar eller kreftsjukdomar i løpet av livet. Mange av desse er godarta, særleg når dei oppstår i huda. For å finne ut kva type svulst det dreier seg om, tek vi celleprøvar eller sender vevsprøvar til eit spesialisert laboratorium.

Dei fleste svulstar kan behandlast kirurgisk. Ved Sogn Dyreklinikk har veterinær Ingjerd særleg kompetanse innan onkologisk kirurgi og rekonstruksjonskirurgi. Dette er eit av hennar viktigaste interessefelt, og med over 30 års erfaring og omfattande etterutdanning legg ho stor vekt på å fjerne svulstar på ein grundig og skånsam måte, med best mogleg funksjonelt og kosmetisk resultat.

Ved enkelte kreftsjukdomar vil kirurgi åleine ikkje vere tilstrekkeleg. I slike tilfelle kan cellegift vere eit aktuelt behandlingsalternativ.

Målet med cellegiftbehandling hjå dyr er fyrst og fremst å oppnå god livskvalitet over tid. Vi nyttar lågare dosar enn det som er vanleg innan humanmedisin, nettopp fordi vi ynskjer å unngå alvorlege biverknader. Behandlinga er retta mot å få sjukdomen over i remisjon (ein tilstand der sjukdomen er i ro) og å forlengje livet med god livskvalitet, heller enn å kurere sjukdomen fullstendig.

Vi gjer alltid ei grundig individuell vurdering før vi tilrår slik behandling. Når vi tilbyr cellegift, er det fordi vi meiner at dyret har gode føresetnader for å få ein reell gevinst av behandlinga. For oss er det avgjerande at dyret ikkje skal lide unødig. Dette ligg til grunn for alle val vi tek – både når det gjeld utgreiing, behandling og eventuell avslutning av behandling.

Vi legg også stor vekt på tryggleik i handtering av cellegift. Klinikken har gode rutinar for bruk av lukka system og verneutstyr, og vi brukar god tid på å informere dyreeigarar om behandlinga og kva ho inneber.

For veterinær Ingjerd personleg har kreftbehandling ei særleg tyding. Ho lever sjølv med ein kreftsjukdom, og er i dag i remisjon – mykje takka vere moderne behandling. Samtidig er ho djupt medviten om at mykje av kunnskapen vi har i dag, byggjer på forsking der forsøksdyr har vore involverte. For ho er det difor ei etisk forplikting å la dyra vi behandlar få ta del i dei same medisinske framstega – alltid med respekt, omsorg og fokus på livskvalitet.

Forrige
Forrige

Endoskopi

Neste
Neste

Rehablitetering