Endoskopi
Endoskopi er ei skånsam undersøking der vi nyttar eit tynt, fleksibelt kamera (endoskop) for å sjå inn i kroppen utan kirurgi. Utstyret har både lys og kamera, og gir oss eit detaljert bilete av slimhinner og organ på ein skjerm.
Hjå Sogn Dyreklinikk vert endoskopi alltid utført i narkose. Det gjer at dyret ligg heilt i ro, slik at vi kan gjennomføre ei trygg og grundig undersøking utan ubehag for pasienten.
Vi nyttar endoskopi mellom anna til å undersøkje:
Spiserøyr og magesekk
Luftrøyr og luftvegar
Gjennom endoskopet kan vi óg:
Ta vevsprøver (biopsiar) for vidare analyse
Fjerne framandlekamar, til dømes frå spiserøyr eller magesekk
Ta skyljeprøver frå luftvegar (t.d. ved mistanke om parasittar, infeksjon eller betennelse).
Endoskopi er ein skånsam metode med låg risiko, og kan i mange tilfelle erstatte meir omfattande kirurgiske inngrep.