Gynekologi og reproduksjon

Ved Sogn Dyreklinikk tilbyr vi utgreiing og behandling innan gynekologi og reproduksjon hjå hund og katt. Vi har god erfaring med oppfølging gjennom heile reproduksjonssyklusen – frå planleggjing av parring til drektigheit og fødsel?

For å finne optimalt parringstidspunkt for tisper nyttar vi i hovudsak progesteronmåling, som gir ein presis indikasjon på når tispa er klar for parring eller inseminering.

Vi har brei erfaring med handtering av avlshundar, og tilbyr både tapping av hannhund og kunstig inseminering.

Drektigheit kan vi påvise med ultralyd frå om lag dag 23 etter parring. Seinare i forløpet kan vi utføre fosterteljing med røntgen frå ca. dag 50, noko som gir nyttig informasjon i forkant av fødsel.

Vi utfører også fødselshjelp og keisarsnitt i klinikken si opningstid. Dersom det oppstår behov for akutt hjelp utanom opningstid, må den kommunale veterinærvakta kontaktast.

Ved behov for meir omfattande fertilitetsutgreiing viser vi som regel vidare til spesialistmiljø, til dømes ved NMBU Veterinærhøgskolen.

I enkelte situasjonar kan det vere aktuelt med medisinsk drektigheitsavbrot. Av omsyn til dyret si helse gjennomfører vi dette berre etter at drektigheit er stadfesta med ultralyd, slik at ein unngår unødig behandling med potensielle biverknader.

Vi legg vekt på god oppfølging og tett dialog med dyreeigar gjennom heile prosessen, slik at både dyr og eigar skal kjenne seg trygge.

Forrige
Forrige

Laboratorium

Neste
Neste

Endoskopi