Laboratorium
For å kunne stille ein presis diagnose er vi ofte avhengige av laboratorieundersøkingar. Ved Sogn Dyreklinikk har vi eit moderne og avansert in-house laboratorium frå IDEXX, som gjer at vi raskt kan få svar på ei rekkje prøver medan de er hos oss.
Vi føretek undersøkingar som:
Blodprøvar (hematologi og biokjemi)
Urinanalyse, inkludert kjemisk analyse og digital undersøking av urinsediment (celler, krystallar og bakteriar)
Urindyrking ved mistanke om urinvegsinfeksjon
Analyse av avføringsprøvar for påvising av innvollsparasittar
Cytologi (celleprøvar frå hud, svulstar, øyre m.m.)
Hudundersøkingar (mikroskopisk vurdering av hudskrap og teipavtrykk)
Hurtigtestar (t.d. for FIV/FeLV hjå katt og flåttborne sjukdomar hjå hund)
Måling av progesteron for å fastsetje optimalt parringstidspunkt av tispe
Prøvene blir analyserte med høg teknisk kvalitet, og gir oss rask og påliteleg informasjon som er avgjerande for vidare behandling.
Ved behov sender vi prøvar vidare til eit stort internasjonalt referanselaboratorium i Tyskland for meir avanserte analysar og vurderingar. Dette gjeld til dømes vevsprøvar (biopsiar) og enkelte spesialanalysar av blod, celler og avføring. Prøvene blir sendt med kurérteneste (DHL) for å sikre trygg og rask transport.