Ultralyd

Ultralyd er eit viktig og skånsamt verkty som gjev oss verdifull informasjon om indre organ og blautvev. Med moderne ultralydutstyr kan vi undersøkje mellom anna bukorgan, urinvegar og hjarte, og slik kome nærare ei presis diagnose.

Hjå Sogn Dyreklinikk har vi topp moderne ultralydutstyr som gir høg biletkvalitet og gode diagnostiske moglegheiter. Vi har også investert i etterutdanning innan ultralyd, slik at undersøkingane blir utførte med både fagleg tryggleik og presisjon.

Vår veterinær Hannah har ultralyd som eit særleg interessefelt, og har allereie bidrege med oppdatert kunnskap og nye perspektiv inn i klinikken.

Ultralydundersøking er smertefri og blir i dei fleste tilfelle utført medan dyret er vake. Ved behov kan vi gi mild sedasjon for å sikre best mogleg biletkvalitet og ein roleg og trygg situasjon for dyret.

Ultralyd gjev oss moglegheit til å oppdage endringar tidleg, rettleie vidare behandling og følgje utvikling over tid – til beste for både dyret og eigaren.

Forrige
Forrige

Røntgen

Neste
Neste

Laboratorium