Røntgen

Røntgen er eit sentralt diagnostisk verkty som gjev oss viktig informasjon om skjelett, ledd, brysthole og bukorgan. Undersøkinga hjelper oss å stille ein trygg og presis diagnose – og å følgje utvikling over tid

Hjå Sogn Dyreklinikk nyttar vi moderne, digitalt røntgenutstyr som gjev høg biletkvalitet og rask tilgang til bileta. Dette gjer undersøkinga effektiv og gjev oss eit godt grunnlag for vidare vurderingar.

Våre veterinærar er autoriserte for å ta offisielle HD- og AD-bilete til Norsk Kennel Klub (NKK), etter gjeldande retningsliner.

Vi tek også jamleg kontrollbilete etter ortopediske inngrep utførte ved større henvisningsklinikkar, som ein del av vidare oppfølging.

Ved behov kan røntgenbileta sendast til ekstern spesialist (telemedisin) for ei uavhengig vurdering.

Røntgen er smertefritt for dyret. For å sikre god biletkvalitet og korrekt posisjonering, kan det i nokre tilfelle vere naudsynt med lett sedasjon.

Vi har brei erfaring med røntgenundersøkingar, og utfører mellom anna:

  • Utgreiing av haltheit og skadar i skjelett og ledd

  • Påvising av beinbrot, forkalkingar og leddlidingar

  • Undersøking av hjarte og lunger

  • Vurdering av bukorgan og eventuelle framandlekamar

  • Påvising av urinsteinar

Forrige
Forrige

Akuttmedisin

Neste
Neste

Ultralyd