Akuttmedisin
Har dyret ditt behov for akutt hjelp?
Når eit dyr blir akutt sjukt eller skadd, kan situasjonen opplevast både dramatisk og uoversiktleg. Då er det viktig å vite kvar du skal vende deg.
I opningstida vår vil vi så langt det er mogleg prioritere akutte pasientar. Vi ber deg alltid ringje klinikken på førehand, slik at vi kan vurdere situasjonen og gi råd om vidare oppfølging.
Sogn Dyreklinikk er godt utstyrt for å handtere akutte tilstandar. Vi har mellom anna moderne overvakingsutstyr, oksygenbehandling og moglegheit for avansert diagnostikk og kirurgi ved behov.
Samtidig er det viktig å presisere at vi er ein dagklinikk utan døgnvakt. Ved behov for akutt hjelp utanom opningstida vår må du kontakte den lokale veterinærvakta.