Kirurgi

Når dyret ditt treng kirurgisk behandling, er det viktig å vite at det er i trygge hender.

Vi legg stor vekt på tryggleik, fagleg kvalitet og god oppfølging gjennom heile behandlingsforløpet.

Hjå Sogn Dyreklinikk har vi brei erfaring innan blautvevskirurgi, og utfører eit stort spekter av operative inngrep på hund, katt, gnagarar og kaninar. Dette omfattar både rutineinngrep som kastrering, og meir avanserte prosedyrar som til dømes kreftoperasjonar. Vi utfører ikkje beinkirurgi, med unntak av redningsbehandlingar som amputasjonar og «femoral head and neck ostectomy» (FHNO) på katt.

Grundig førebuing før operasjon

Før eit kirurgisk inngrep gjer vi alltid ei nøye vurdering av dyret sin helsetilstand. Vi tek omsyn til alder, allmenntilstand og kva type operasjon som skal utførast. Dette gjer at vi kan planleggje inngrepet best mogleg og redusere risiko.

Ved behov kan vi også ta nødvendige prøvar eller undersøkingar i forkant av operasjonen.

Trygg anestesi og overvaking

Anestesi og smertelindring blir tilpassa kvart enkelt dyr og er basert på internasjonale retningslinjer og protokollar. Under operasjonen blir dyret overvaka kontinuerleg med moderne anestesi- og overvakingsutstyr.

Vi overvakar mellom anna:

  • puls

  • respirasjon

  • oksygenmetning

  • hjarteaktivitet (EKG)

  • blodtrykk

Dette gjer at vi kan følgje nøye med på dyret gjennom heile operasjonen og reagere raskt dersom det er nødvendig.

God smertebehandling og oppfølging

God smertebehandling er ein viktig del av kirurgisk behandling. Vi sørgjer for at dyret får tilpassa smertelindring både under og etter operasjonen.

Etter inngrepet får du også tydelege råd om vidare oppfølging, sårstell og kva du bør vere merksam på når dyret kjem heim.

Hos oss er målet alltid at dyret ditt skal få trygg behandling, god omsorg og best mogleg oppfølging.

Forrige
Forrige

Tannbehandling

Neste
Neste

Akuttmedisin