Tannbehandling

God tannhelse er ein viktig del av dyrevelferda. Sjukdom i munnhola kan gi smerter, redusert livskvalitet og påverke resten av kroppen – sjølv om dyret ofte ikkje viser tydelege teikn på smerte.

Her på Sogn Dyreklinikk tilbyr vi moderne og grundig tannbehandling av hund, katt, gnagarar og kaninar. Vi nyttar ultralydscaler for skånsam fjerning av tannstein utan å skade emaljen. I tillegg er klinikken utrusta med digital tannrøntgen for at vi skal kunne vurdere heile tanna – også dei delane som ligg skjult under tannkjøtet.

Vi utfører mellom anna:

  • Grundig undersøking av tenner og tannkjøt

  • Fjerning av tannstein og polering

  • Tannrøntgen

  • Tanntrekk – både enkle trekk og kirurgiske trekk som krev meir omfattande inngrep.

  • Reparasjon av emaljeskadar

  • Behandling av tannresorpsjon (TR) hjå katt

Alle tannbehandlingar vert utførte i full narkose (gassanestesi), slik at vi kan gjere ei trygg og fullstendig undersøking og behandling utan ubehag for dyret. Vi nyttar fullt overvakingsutstyr som måler pasienten sine vitale verdier – pust, hjarterytme, blodtrykk, oksygenmetning og temperatur. I tillegg får dei intravenøs væskebehandling for å oppretthalde godt blodtrykk.

Dyr seier sjeldan frå når dei har vondt i munnen. Mange går difor med smertefulle tannproblem utan at det blir oppdaga. Vi anbefaler jamleg tannsjekk hjå veterinær, vanlegvis ein til to gonger i året – tilpassa alder og behov. Tidleg oppdaging gjer behandlinga enklare og betre for dyret.

Før tannrens

Etter tannrens

Forrige
Forrige

Poliklinikk med dagkirurgi

Neste
Neste

Kirurgi