Poliklinikk med dagkirurgi

Alt dyret ditt treng – på éin stad

Hjå Sogn Dyreklinikk tilbyr vi eit breitt spekter av veterinærtenester – frå førebyggjande helsearbeid til utgreiing og behandling av sjukdom.

God dyrehelse handlar ikkje berre om å behandle sjukdom – men óg om å førebyggje før problema oppstår. Gjennom regelmessige helsesjekkar, rett vaksinasjon, god tannhelse og tilpassa ernæring kan vi redusere risikoen for sjukdom og bidra til betre livskvalitet for dyra – og færre helseproblem over tid.

Vi legg stor vekt på grundige undersøkingar og god dialog med dyreeigar, slik at vi saman kan finne dei beste løysingane for kvart enkelt dyr.

Polikliniske tenester

På poliklinikken hjelper vi mellom anna med:

·               Helsesjekk og førebyggjande oppfølging

·               Vaksinasjon og ID-merking (mikrochip)

·               Kloklipp, pelsstell og enkle prosedyrar

·               Utgreiing av akutt og kronisk sjukdom

·               Rådgjeving rundt ernæring, åtferd og generell dyrehelse

Alle pasientar vert undersøkte grundig, og vi tek oss tid til å forklare funn og vidare plan.

Dagkirurgi

Vi utfører ei rekkje kirurgiske inngrep som vert gjennomførte som dagbehandling.

Dette gjeld til dømes:

  • Kastrering av hundar, kattar, gnagarar og kaninar

  • Blautvevskirurgi (til dømes fjerning av kreftsvulstar)

  • Bukoperasjonar (til dømes framandlekamar, pyometra og magedreiing)

  • Urologiske inngrep (til dømes fjerning av urinstein)

  • Såkalla «salvage procedures» som amputasjonar og femoral head and neck ostectomy (FHNO)

  • Tannkirurgi

  • Sårbehandling

Vi utfører ei rekkje kirurgiske inngrep som vert gjennomførte som dagbehandling.

Dette gjeld til dømes:

Vi har brei kirurgisk erfaring, og legg stor vekt på nøye planlegging, trygg anestesi og god smertelindring gjennom heile forløpet.

Sjølv om inngrepa vert utførte som dagkirurgi, betyr ikkje det at dei er «enkle» - men at pasienten er nøye vurdert og følgt opp slik at heimreise same dag er forsvarleg.

Sogn Dyreklinikk er ein dagklinikk og har ikkje moglegheit for innlegging over natta. Ved behov for vidare overvaking eller meir avansert behandling, vil vi hjelpe med tilvisning til eigna instans.

Praktisk informasjon

Hjå oss tingar du time på førehand, slik at vi kan gi kvar pasient god oppfølging utan unødig ventetid og stress.

Ved akutt sjukdom vil vi så langt det er mogleg prioritere pasienten – ta alltid kontakt med oss på førehand.

Forrige
Forrige

Førebyggjande behandling

Neste
Neste

Tannbehandling